Hopp til hovedinnhold


27 søkte på ambulanselinje

Den nye fylkesdekkande ambulansefagutdanninga i Stryn har fått 27 søkjarar til dei åtte plassane skulen har.

Den nye fylkesdekkande ambulansefagutdanninga i Stryn har fått 27 søkjarar til dei åtte plassane skulen har.

Les heile saka på NRK: 27 søkte på ambulanselinje

Lærar Einar Myklebust ved Stryn vidaregåande skule seier det har vore vanskeleg å rekruttere elevar til utdanninga sidan dei har reist ut av fylket for å utdanne seg. Han håpar tilbodet i Stryn vil snu denne utviklinga.

Ut av fylket før

Utdanninga er blitt til gjennom eit samarbeid mellom fylkeskommunen og Helse Førde. Tidlegare har fylkeskommunen kjøpt plassar i Os utanfor Bergen.

Søkjarane er dei som no går første året på helse- og sosialfag, og som har ambulansefaget som førsteval.