Hopp til hovedinnhold


Krev helikopter på Haukeli

Det er ikkje råd til redningshelikopter, stasjonert i Øvre Telemark om det så går på livet laust.

Det er ikkje råd til redningshelikopter, stasjonert i Øvre Telemark om det så går på livet laust.

Les heile saka i Varden: Krev helikopter på Haukeli

VINJE: Haukeli-Edland grendelag vil ha base for redningshelikopter i Haukeli. Dei krev at fylkeskommunen tar tak i saka.

I dag er eit slikt helikopter minst 40 minutt unna Øvre Telemark. Helse Sør Øst har avvisa søknad om eit redningshelikopter i Telemark – jamvel om det var tenkt plassert i Grenland.

- Me har i løpet av dei siste åra opplevd mange alvorlege ulykker på E134 der liv har gått tapt.
Ein ny helikopterbase i Haukeligrend som ligg midtvegs mellom aust- og vestlandet og dekker også øvre delen av Setesdalen.

Når det gjeld alvorlege sjukdomstilfelle og trafikkulykker så er det i dei fleste høve er snakk om tid for å redde liv, hevdar grendelaget i brevet sitt.

Klinikksjef for prehospitale tenester Jørgen Einerkjær sa til NRK Telemark at han hadde forståing for at Christenson og grendelaget reagerer. Han opplyste at sjukehuset i Telemark har vore i kontakt for å få eit helikopter til Telemark som skulle vera stasjonert i Skien. Men dette nådde ikkje fram i Helse Sør- Øst.

Grendelaget på si side viser til den korte avstanden det er til Arendal.
- Me godtar ikkje at det ikkje er pengar i Helse Sør-Øst. Det er utruleg at Telemark klarer å koma bakerst i køen kvar gong. Han lovar at grendelaget skal halda fram med kampen for å få eit redningshelikopter til Øvre Telemark.