Hopp til hovedinnhold


Forveksla pasientar i akuttmottak

Dei to kvinnene låg samtidig på akuttmottaket i Førde. Der vart pasientopplysningane til den eine ført i journalen til den andre.

Dei to kvinnene låg samtidig på akuttmottaket i Førde. Der vart pasientopplysningane til den eine ført i journalen til den andre.

Les heile saka i Bergens Tidene: Forveksla pasientar i akuttmottak

Forvekslinga vart oppdaga heilt tilfeldig da dei to kvinnene litt seinare prata saman på sjukehuset. Dei to kontakta advokat, og saka vart meld til Helsetilsynet.

– Det viktigaste for dei er at noko slikt ikkje skal skje igjen, at andre pasientar ikkje skal måtte oppleve det same, seier advokaten deira, Jan C. Dyngen.

Braut teieplikta
Helsetilsynet meiner at Helse Førde her har gjort seg skuldig i brot på teieplikta, og at årsaka er at opplysningane vart ført inn i feil journal. Vidare skriv tilsynet at skadepotensialet er stort ved forveksling av pasientar i akuttmottak. Dei ber helseføretaket vurdere rutinane, og om det er trong for skriftlege rutinar rundt problemstillinga.

Sjølv om Helsetilsynet altså meiner at det ligg føre brot på helsepersonellova sine reglar om teieplikt, legg ikkje Helsetilsynet opp til nokon formell reaksjon mot enkeltpersonar eller føretak.

– Vi legg til grunn at de vil arbeide vidare internt med å sikre mot forveksling av pasientar, skriv fylkeslege Petter Øgar i sin konklusjon.

Klarare ansvar
Og ifølgje sjef for akuttmedisinsk avdeling ved Førde sentralsjukehus, Olav Hesjedal, har helseføretaket allereie gjort tiltak som skal forhindre episodar som dette i framtida.

– Vi har innført enda klarare ansvarsfordeling mellom det helsepersonellet som er på jobb, og vi har no ein person som er ansvarleg for alle faglege forhold rundt akuttmottak og legevaktsentralen, seier Hesjedal. – Frå mars månad i år har vi også tilsett ny leiar for AMK-området, med oppgåver som faglege prosedyrar og opplæring av personale.

Hesjedal forklarer den konkrete saka med at meldingane inn til akuttmottaket ikkje gjekk via dei vanlege kanalane.

– Vi loggfører sjølvsagt alle telefonhenvendelsar til AMK og legevaktsentralen. Men i denne saka kom meldingane inn via andre telefonnummer, seier han.

Vart sinte
Likevel skal dei opplysningane som hamna i feil journal, ha blitt innringt av ein pårørande som oppgav både korrekt namn og fødselsdato.

Overfor Helsetilsynet har Helse Førde opplyst at det er ein viss risiko for at slike forvekslingar kan skje i situasjonar der akuttmottaket har fleire pasientar på same tid med like symptom eller andre kjenneteikn. Vidare meiner helseføretaket at dette til ein viss grad vil vere menneskeleg svikt som det er vanskeleg å gardere seg mot.

No slepp Helse Førde ein formell reaksjon for dei konstaterte brota på helsepersonellova, og vedtaket er endeleg.

– Her vart feilføringa ved eit reint tilfelle oppdaga av dei involverte pasientane, seier advokaten deira, Jan C. Dyngen.

– Dei reagerte spontant med sinne, og forfølgde saka slik at dette ikkje skal gjenta seg i framtida. Eg forstår for så vidt Helsetilsynet si beslutning om ikkje å gje noko formell reaksjon, men håpar Helse Førde følgjer oppmodinga om å kvalitetssikre dette betre i framtida.