Hopp til hovedinnhold


Utset ambulansekuttet

Dei omstridde ambulansekutta blir for smertefulle for styret i Helse Førde. Fornuftig og gledeleg, seier Eid-ordføraren.

Dei omstridde ambulansekutta blir for smertefulle for styret i Helse Førde. Fornuftig og gledeleg, seier Eid-ordføraren.

Les saka i Firda: Utset ambulansekutt

Bakgrunn: Store ambulansekutt i vente

Mer om saken: Fylkeslegen etterlyser Helse Førdes risikovurdering

Forsvaret ut mot Helse Førde

I staden for å setje nedskjeringane i verk no, utset styret behandlinga av omleggingane til styremøtet 19. juni.

Dette er klart, etter at styreleiar Clara Øberg la fram eit nytt vedtaksframlegg ved starten av budsjettbehandlinga.

Full gjennomgang

Fram til juni-møtet skal det gjennomførast eit omfattande prosjekt, der Helse Førde og Helse Vest saman går igjennom måten Helse Førde blir driven på, kva ressusar som er til rådvelde, og om desse blir nytta rett.
- Nokre pillar er meir lodne å svelje enn andre, sa Øberg, då ho la fram framlegget.

Les også: Helsetilsynet krev innsyn i risikovurderinga

Fornuftig
Eid-ordførar og leiar i Nordfjordrådet, Sonja Edvardsen (Ap) følgjer styremøtet frå tilhøyrarplass, sitjande mellom Helse Førdes ambulansesjef Stian Sægrov og sjukehusaksjonist Svein Hansen. Ho er glad for den nye vendinga kuttsaka no har teke.

Les også: Ordførarane saman mot ambulansekutt

- Eg skjønar Helse Førdes vanskelege situasjon. Det som no blir gjort, er fornuftig. No får føretaket den tida som trengst til å vurdere tiltak og konsekvensar, seier ho.

Les også: Treng utdanna ambulansepersonell