Hopp til hovedinnhold


Forsvaret ut mot Helse Førde

Forsvaret stiller seg undrande til at Helse Førde brukar den komande etableringa av redningshelikopterbase i Florø som argument for å kutte i ambulansetilbodet.

Forsvaret stiller seg undrande til at Helse Førde brukar den komande etableringa av redningshelikopterbase i Florø som argument for å kutte i ambulansetilbodet.

Les heile i Firdaposten: - Ikkje bruk oss som argument

Bakgrunn: Store ambulansekutt i vente

Les også: Treng utdanna ambulansepersonell

Forsvaret seier at deira tenester i Florø aldri vil kunne erstatte ein ambulanse.

Ikkje diskutert med Helse Førde
– Med helikopter og anestesilege i vaktberedskap på helikopterbasen, vil ambulansekjeda bli styrkt, slik at vi kan fjerne ein vanleg ambulanse i Florø, sa ambulansesjef Stian Sægrov i Firdapostens tysdagsutgåve.

Fem månader før redningshelikopterbasen skal vere operativ, slår Forsvaret klart fast at dei ikkje har diskutert utspelet med Helse Førde, og langt mindre sagt ja til at dei skal erstatte noko helseføretaket ønskjer å fjerne.

Ikkje deira bord
– Eg har fått med meg Sægrovs utspel i Firdaposten, og eg kan ikkje kalle dette anna enn ein skivebom frå ambulansesjefen si side.

Det seier prosjektleiar for redningsbasen i Florø, kaptein Erland Karlsen i 330-skvadronen.

Han vil ikkje uttale seg om Forsvaret kjem til å diskutere saka vidare med Helse Førde.

– På sett og vis trengs det ikkje, for diskusjonen kring ambulansesituasjonen i Sogn og Fjordane er ikkje vårt bord og har aldri vore det, seier Karlsen.