Hopp til hovedinnhold


Prøvde å presse ambulanse ut av vegen

Helse Førde har meldt ein bilist til politiet etter at han prøvde å presse ein ambulanse på hasteoppdrag ut av vegen.

Helse Førde har meldt ein bilist til politiet etter at han prøvde å presse ein ambulanse på hasteoppdrag ut av vegen.

Les hele saken på NRK: Bilist hindra ambulanse 

Ambulansen var ute på eit hasteoppdrag i Stryn i februar då ein bil skapte store problem for dei.

Bilisten prøvde først å stoppe ambulansen, deretter la sjåføren seg på hjul og prøvde å presse ambulansen ut av vegen.

- Traumatisk oppleving

- Det er klart at ein vil oppleve det som traumatisk, og det har vore liknande situasjonar tidlegare, seier ambulansesjef i Helse Førde Stian Sægrov.

Etter kvart kom ambulansen seg likevel forbi bilisten, men Sægrov tenkjer med skrekk på kva som kunne skjedd.

- I verste fall kan ambulansen bli pressa ut av vegen eller bli sett ut av spel slik at ein ikkje kjem seg fram til pasientar som treng hjelp, seier han.

Meldt til politiet

Ei samla personalgruppe har meldt saka til politiet.

- Det er ikkje til å leggje skjul på at dette kan gje eit negativt fokus på arbeidsmiljøet slik at våre tilsette kan kvi seg på arbeid og utrykkingar, seier Sægrov.

Lensmann i Stryn, Inger Lill Lanes, seier saka no ligg hos deira jurist for vurdering.

- Eg forstår godt at ambulansen synest dette er skremmande. Men dette forholdet har med psykiatri å gjere, og då må vi vurdere kor vidt saka skal følgjast opp i strafferettssystemet, seier Lanes.

For Sægrov og resten av dei tilsette i ambulansetenesta er det viktig at saka får konsekvesar.

- Vi går ut i frå at politiet behandlar saka alvorleg, seier han, for hendiga har sett spor.

- Det var erfarne folk på jobb, men dei har blitt tekne hand om av våre tilsette, seier Sægrov.