Hopp til hovedinnhold


Treng utdanna ambulansepersonell

Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, forstår bekymringane til ordførarane om ambulanseberedskapen. Men han seier Helse Førde i tillegg har ei utfordring med å ha nok utdanna fagfolk i ambulansetenesta.

helsefordeAdministrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, forstår bekymringane til ordførarane om ambulanseberedskapen. Men han seier Helse Førde i tillegg har ei utfordring med å ha nok utdanna fagfolk i ambulansetenesta.

Les heile saka på NRKs nettsider

Les også: Store ambulansekutt i vente

Bergens Tidene: Vil kutte 35 millioner

Meir om saka i Sogn Avis: Bryt inngåtte avtalar

Firdaposten: Flora kan miste ein ambulanse

Forsvaret: - Ikkje bruk oppretting av 330-skvadron i Florø for å redusere tilbodet

Helse Førde planlegg store kutt i ambulanseberedskapen i mange kommunar i fylket. Mange reagerer på dette, og fleire ordførarar meiner dette vil gjere at legevaktsamarbeidet vil stå i fare.

- Det er klart at dei argumenta og bekymringane ordførarane målbærer skal vi ta på alvor. Vi har eit ønskje om at legevaktsamarbeidet som kommunane har jobba hardt og lenge med skal lukkast.

- Eg trur det er viktig for Helse Førde og gå i ein dialog med kommunane det gjeld, slik at vi snakkar rundt tal og fakta. Det er ikkje sikkert at den organiseringa som ein har hatt med ambulansane over lang tid er den optimale. Så vi har ein liten veg å gå her, seier Bolstad.

Nye krav til personell i 2010

Frå 1. april neste år er det et krav om at det skal vere fagutdanna ambulansepersonell i alle ambulansar. Helse Førde har problem med å fylle dette kravet slik situasjonen er i dag.

- Vi vil ha problem med å stette dei krava. Vi har for mange i dag som ikkje tilfredstiller krava, og vi vil ikkje klare det i den fasen vi går inn i. Så det er ein fagleg bit i denne omlegginga også, i tillegg til økonomien. I distrikta er det lange vaktperiodar med stor vaktbelastning men få oppdrag. Og då er det lite trening. Så det er ein samansett sak, seier direktøren.

Krevjande å kommunisere

Men Bolstad ser at det er krevjande å kommunisere tryggleiken i omlegginga ut til publikum.

- Du kan få fagfolk til å vere samd i at dette er fornuftig. Men mannen i gata sin oppleving skal vi ta på alvor. Så det er ein krevjande sak for oss å få dette inn i eit spor der folk seier at dei trur det er riktig utvikling. Vi må utvikle den faglege kvaliteten i ambulansen samstundes som vi opplever at dette er greitt når det hastar.