Hopp til hovedinnhold


Slaget er ikkje tapt sjølv om hjerneslaget rammar

Hjernedagen 2009: Om lag 12.000 nordmenn får hjerneslag kvart år. Hjerneslag er ein av våre tre store folkesjukdommar og den viktigaste årsaka til varig invaliditet i den norske befolkninga.

Hjernedagen 2009: Om lag 12.000 nordmenn får hjerneslag kvart år. Hjerneslag er ein av våre tre store folkesjukdommar og den viktigaste årsaka til varig invaliditet i den norske befolkninga.

Mer om: Hjerneslag og behandling

Les også: Trombolytisk behandling innen 4,5 timer

– Ein må ringe 113 straks ved symptom på hjerneslag. Ved store slag døyr to millionar hjerneceller kvart minutt. Viss vi skal ha håp om å redde hjernevev frå varig skade, må vi handle raskt. Akutt hjerneslag kan behandlast, men vi har inga tid å miste, seier Lars Thomassen, professor ved nevrologisk avdeling ved Haukeland Universitetssjukehus.

Dei fleste hjerneslag er eit hjerneinfarkt, som skuldast blodpropp.

Embolectomi
– Det er den typen hjerneslag vi kan gjere mest med, og då har vi eit mål: proppen skal vekk, seier Thomassen.

Nevrologisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus var først i landet då dei for ti år sidan starta medikamentell behandling av denne typen hjerneslag ved å sprøyte inn eit stoff i blodet som kan løyse opp proppen (trombolyse).

Denne behandlinga blir framleis brukt i mange tilfelle, men frå januar av nyttar avdelinga også embolectomi, såkalla ”fisking”, som er å trekke ut proppen. Dette er ein ny behandlingsmetode ved hjerneslag.

– I dag nyttar vi medikament i behandlinga, ingen medikament eller ein kombinasjon av medikament og fisking, opplyser Thomassen.

– Vi gir god akuttmedisin til alle uansett kva type behandling dei får.

Førebygging
– For mange pasientar er det snakk om både ei livsstilendring og medikament som for eksempel blodpropphemmande medisin. Å vere i aktivitet er viktig, viktigare enn vektreduksjon, sjølv om ein kombinasjon er best, seier Thomassen.