Hopp til hovedinnhold


Utan fast ambulanse

Det er for tida berre to tilsette ved ambulansetenesta i Aurland – to for lite til å ha ein fullverdig døgnturnus, skriv Sogn Avis.

Det er for tida berre to tilsette ved ambulansetenesta i Aurland – to for lite til å ha ein fullverdig døgnturnus, skriv Sogn Avis.

Les saka i Sogn Avis

– Situasjonen er litt vanskeleg, men me prøver så godt me kan å oppretthalda ein fullgod ambulanseberedskap, seier områdeleiar i ambulansetenesta, Ove Elnar Lereim.

To slutta
To ambulansesjåførar i Aurland slutta nyleg i stillingane sine. Dermed sat ambulansetenesta i Aurland att med berre to tilsette, noko som er to for lite for å oppretthalda ein døgnturnus som er basert på fire årsverk.

– Me balar også med å få tak i nye tilsette, difor har ambulansen i Aurland vore ute av drift ved ein del høve den siste tida, seier Lereim, som stadfestar at ambulansen i Lærdal til tider har dekka opp begge kommunane.

– Er dette godt nok?

– Me har prøvd å leggja opp ei så forsvarleg ordning som mogleg. Me prøver å unngå at bilen i Lærdal er åleine, men frå tid til anna har det vore situasjonen, seier Lereim.

Nyttar ressursane som finst
I periodane då dei to sjåførane i Aurland har den rettmessige fri- og kviletida si, prøver ein å unngå at ambulansen i Lærdal vert brukt til lengre planlagde transportar. For å løysa desse oppdraga prøver ein å nytta ledig kapasitet frå andre stasjonar, til dømes Sogndal og Luster som har fleire ambulanseressursar på vakt.

Lereim er opptatt av at det er viktig å utnytta dei ressursane som finst på best mogleg måte.

Utan ledig ambulanse
Han stadfestar at dagens ambulansesituasjon i Lærdal og Aurland i gitte tilfelle likevel kan medføra at kommunane er utan ledig ambulanse i kortare eller lengre tidsrom.

– Det er ikkje noko spesielt. Det skjer frå tid til anna i alle ambulansedistrikt. Likevel vil det vera ambulanse i kommunen, som også om naudsynt kan omdisponerast. I tillegg har me reserveambulansar som det er mogleg å dekkje opp med, seier Lereim.

Han legg til at situasjonen ikkje er heilt god, men at det no blir jobba aktivt med å betra den totale ambulanseberedskapen i Lærdal.