Hopp til hovedinnhold


To av tre med sepsis får ikkje hjelpa dei skal ha

Pasientar med blodforgifting (sepsis) blir nedprioriterte når dei kjem til akuttmottak i Helse Vest, viser rapport. Det skriv NRK Sogn og Fjordane.

Les og: Avdekker lovbrudd ved akuttmottak

Etter eit landsomfattande tilsyn med behandlinga av blodforgifting (sepsis) på akuttmottak, viser det seg at mindre enn éin tredel av pasientane får behandlinga dei skal ha.

Meir: Sepsis oppdages ofte sent: Svensk studie viser at om ambulanspersonell stiller en preliminær diagnose om blodforgiftning, minsker tiden til riktig behandling fra cirka 3,5 timer til cirka 1,5 time.

Tidligare: Lær deg nye sepsis-kriterier. Fra SIRS til SOFA

Sepsis-pasientar skal få antibiotikabehandling innan ein time, etter nasjonale retningslinjer, men dei fleste får ikkje dette.

– Det er ikkje slik det skal vere, det veit fagfolka, det veit sjukehusa. Dette har eg grunn til å tru at blir retta no, seier fylkeslege i Hordaland, Helga Arianson.

21 av 78 pasientar venta meir enn fire timar før dei fekk antibiotikabehandling, og nokre av dei hadde alvorleg sepsis med organsvikt. Dette blir skildra som uforsvarleg behandling.

Ventetida er avgjerande

– Sepsis er ein infeksjon som kan vere ein veldig alvorleg og dødeleg sjukdom. Og vi veit at dødelegheita aukar viss det tar lang tid før ein får starta opp med behandling, seier Arianson.

Ventetida er difor den viktigaste indikasjonen på kvaliteten på behandlinga av sepsis.

Årsakene til at det tar for lang tid, er ifølge rapporten, «mangel på erfarne legar i akuttmottaket, uoversiktlege lokale, plassmangel og svikt i kommunikasjonen mellom akuttmottak og sengepost.»

Les meir om saka hjå NRK