Hopp til hovedinnhold


Røykutvikling ved AMK i natt

Brannvesenet rykte ut til AMK ved Førde sentralsjukehus, skriv Firda.
Kring halv tre i natt fekk brannvesenet melding om røykutvikling i eit kjøkken ved akuttmedisinsk kommuniksjonssentral i Førde.
– Det var ikkje open eld, men mest truleg noko elektrisk, seier Espen Rysjedal ved alarmsentralen.
Brannvesenet fekk lufta ut og skrudd av det som skulle skruast av, og tilkalla teknisk vakt på sjukehuset.
Les meir om saka hjå Firda