Hopp til hovedinnhold


Ambulanse køyrde i personbil

Ambulansen var under utrykning, då den køyrde i personbilen. Totalt seks personar var involvert i ulykka, skriv Firdaposten.
Dette skjedde på riksveg 5 like ved avkøyringa til Botnavegen i Florø, opplyser politiet til NRK.
Det er skade på begge køyretøya, men det er ikkje snakk om personskade.
Ulykka skjedde like etter klokka 12 torsdag.
Ambulansen hadde med seg ein pasient, og det måtte rekvirerast ein ny sjukebil som kunne ta med seg denne.
Les meir om saka hjå Firdaposten