Hopp til hovedinnhold


Køyrde etter ambulanse under utrykking

– Hindrar hjelpa i å komme fram, seier ambulanseleiar ved Helse Førde til NRK Sogn og Fjordane.
Ein mann i 30-åra er meldt til politiet etter at han la seg på hjul og følgde etter ein ambulansen under utrykking på Eid. Mannen har også køyrt over fartsgrensa.
Han innrømmer å ha køyrt bevisst etter ambulansen.
– Men han har ikkje kome med nokon god forklaring på kvifor han valde å følge etter ambulansen, seier lensmann Tormod Hvattum ved Eid lensmannskontor.

– Hindrar oss i å komme fram

Vidar Steen som er områdeleiar for ambulansetenesta i Sogn og Fjordane, er ikkje nøgd med at folk vel å køyre etter utrykkingskøyretøy.
– Utfordringa for føraren er at ein får eit moment til ein må vere obs på. Sjølv om bilen er bak ambulansen, får du mykje lys i spegelen. Dersom du køyrer forbi andre bilar, og den bak følg etter lurar du jo på korleis det går med den som kjem bak.
Han fortel at det er ei belasting for førarane.
Les meir om saka hjå NRK